Å vere nettstudent er ikkje einsamt i Nordfjord!

Nettstudentar i Nordfjord treng ikkje kjenne seg einsame. Med Nordfjord Studiehub får dei høve til å delta lokalt, skape nettverk og nyte både fellesskap og arbeidsro.

Frå denne hausten kan AOF-nettstudentar frå Nordfjord gjera seg avtale om å møta opp lokalt i Nordfjord Studiehub. Nett no har AOF Vestlandet- Agder 76 nettbaserte utdanningar som ligg ute på aofstudiestart.no – som ein kan ta i frå studiehubane i Nordfjord- eller heimifrå sjølvsagt. I tillegg kjem dei nye samlingsbaserte fagskulestudia AOF Vestlandet-Agder tilbyr, som har nettbasert undervisning mellom samlingane. 

I HUB`ane får dei tilgang til både fellesskap og lesero. Om det er fleire på same studiet finn dei plass og utstyr til å delta på forelesningar som ei gruppe – og eg trur nok at studentane også vil ha glede av å møtast på tvers av fagfelt. Ein viktig del av å vere student har alltid vore å bygga nettverk seier Hanna M. de Groot, som er opplæringskoordinator i Nord-Vestland. 

Studentane søkjer studieplass hjå AOF Vestlandet-Agder på aof-studiestart.no eller aof-fagskolen.no og koplar seg på studiehuben sjølve via studiehub.no. Målet til StudieHub Nordfjord er å skapa eit aktivt og lokalt studentmiljø for dei som tek utdanning og bur i Nordfjord.

Hanna M. de Groot, opplæringskoordinator Nord-Vestland

«Vi har hatt ein del studentar tidlegare, men det er først no me har fått ressursane og lokalet til å halde fullt trøkk – så Nu skal det sving!» Seier Kari Eldby Rygg som er som er prosjektleiar på StudieHub – Nordfjord Studiesenter.

Om du bur i Nordfjord, eller berre er på besøk og treng ein plass å studere så har me plass til deg i ei av studentstovene våre, anten du vil sitje i Nordfjordeid eller Stryn. Fleire studentstover er og under planlegging.  Så det er berre å søka på nettstudie, så står me klar til å hjelpe deg i gang her på Inviro seier Kari.  

Kari Eldby Rygg, leiar Studiehub Nordfjord

Med fleire studentstover på veg i Nord-Vestland, er det berre å følgja med. Plutseleg er det ein nær deg!