Hovedkontor Haugesund
Haraldsgata 190 5525 Haugesund
Avdelingskontor Bergen
Bredalsmarken 15 5006 Bergen
Avdelingskontor Kristiansand
Kjøita 21 4630 Kristiansand S
Avdelingskontor Stavanger
Richard Johnsens gate 4 4021 Stavanger

Ein nettstudent er ikkje einsam i Nordfjord


Ein nettstudent i Nordfjord treng ikkje kjenne seg einsame. Med Nordfjord Studiehub får dei høve til å delta lokalt, skape nettverk og nyte både fellesskap og arbeidsro.

Frå denne hausten kan AOF-nettstudentar frå Nordfjord gjera seg avtale om å møta opp lokalt i Nordfjord Studiehub. Nett no har AOF Vestlandet – Agder 76 nettbaserte utdanningar som ligg ute på aofstudiestart.no – som ein kan ta i frå studiehubane i Nordfjord- eller heimifrå sjølvsagt. I tillegg kjem dei nye samlingsbaserte fagskulestudia AOF Vestlandet-Agder tilbyr, som har nettbasert undervisning mellom samlingane.

Nettstudent? Hanna M. de Groot, opplæringskoordinator i Nord-Vestland.

– I HUB’ane får dei tilgang til både fellesskap og lesero. Om det er fleire på same studiet finn dei plass og utstyr til å delta på forelesningar som ei gruppe – og eg trur nok at studentane også vil ha glede av å møtast på tvers av fagfelt. Ein viktig del av å vere student har alltid vore å bygga nettverk.

Hanna M. de Groot
Opplæringskoordinator i Nord-Vestland.

Studentane søkjer studieplass hjå AOF Vestlandet-Agder på aof-studiestart.no eller aof-fagskolen.no og koplar seg på studiehuben sjølve via studiehub.no. Målet til StudieHub Nordfjord er å skapa eit aktivt og lokalt studentmiljø for dei som tek utdanning og bur i Nordfjord.

– Vi har hatt ein del studentar tidlegare, men det er først no me har fått ressursane og lokalet til å halde fullt trøkk – så nu skal det sving! Om du bur i Nordfjord, eller berre er på besøk og treng ein plass å studere så har me plass til deg i ei av studentstovene våre, anten du vil sitje i Nordfjordeid eller Stryn. Fleire studentstover er og under planlegging.  Så det er berre å søka på nettstudie, så står me klar til å hjelpe deg i gang her på Inviro.

Kari Eldby Rygg
Prosjektleiar på StudieHub – Nordfjord Studiesenter.

Nettstudent? Kari Eldby Rygg, prosjektleiar på StudieHub – Nordfjord Studiesenter

Med fleire studentstover på veg i Nord-Vestland, er det berre å følgja med. Plutseleg er det ein nær deg!